søndag 14. april 2013

E-dikt for barn uke 8 - 2013 "Nyfødd" av Hans Sande


Nyfødd

No opnar livet
munnen sin
og ut
kjem eg
med hauet først
så redd og tørst.
Eg skrik
Til eg får knoppen min
og varmen ifrå kroppen din.
Eg syg og pustar inn
og ut
og er ein naken
nyfødd
gut.

Hans Sande

Frå samlinga «Prinsesse Bertas blanda drops», Gyldendal 1983

Ingen kommentarer: