torsdag 18. april 2013

E-dikt for barn uke 17 - 2013 "Kva Nils sa" av Einar Økland



Kva Nils sa

Det er ikkje noko stygt
med rompe,
sa Nils.
Alle har rompe.
Somme kan også seie det høgt.
Og somme kan telje
til rompe.
Men når det blir rompe
i trafikken,
og når det blir rompe i lufta,
og når avisa
er full av rompe,
og det er rompe i alle butikkane,
og romper i fjernsynet,
rompe til lekse
rompe og romper
kvar  du snur deg,
då blir det for mykje for meg.
Då stiller eg opp litt på sida
og finn fram ein fot – rompefoten
sa Nils

Einar Økland

Frå samlinga «På frifot», Gyldendal 1978

Ingen kommentarer: