torsdag 17. januar 2013

E-dikt for barn uke 4 - 2013 "Peiskveld" av Jan Magnus Bruheim

Peiskveld

Det logar på peisen,
sprakar og smell!
Myrkt er det ute
og seint på kveld.


Logen tøygjer seg
opp – og et,
tuslar og talar.
Så rart det læt –


Han ynskjer å verme
alle som frys,
som sit der og kulsar
og skjelv og rys.


Den lognande elden
ber sumaren inn,
som varme hender
mot frosne kinn.


Om ute er vinter
og kaldt og kvitt,
det er som han vermer
i hjarta ditt!


Jan Magnus Bruheim

Frå samlinga «Bekken syng», Noregs Boklag 1981.

Ingen kommentarer: