fredag 4. januar 2013

E-dikt for barn uke 2 - 2013 "Tida går" av Einar Økland


Tida går

Tida går.
År for år.

Har inga byrjing.
Har ingen ende.
Kan ikkje stoppe.
Kan ikkje vende.

Tida går som ein røyk og ein foss.
Men den er ikkje komen lenger enn oss.

Tida kan ingen menneske sjå.
Likevel er den her akkurat nå. 

Einar Økland

Frå samlinga «Du er så rar», Samlaget 1973

Ingen kommentarer: