fredag 19. oktober 2012

E-dikt for barn uke 43 - 2012 "I mørke natt" av Ragnar Hovland

I mørke natt

Eg reise bort skal no i mørke natt
Og ingen måne opp skal gå
Og alle svarte hundar hyle skal
Det bleike gjenferd vise seg
Eg bort skal reise i mørke natt
Då ingen folk er ute på veg
Om ikkje røvarar med sverd
Og alle graver opne seg på gløtt
Og vind skal blåse sårt og kaldt
Og trenge gjennom tynne klede
I mørke natt eg bort skal dra
Då ingen måne skine skal
Og bleike gjenferd vise seg
Og vind skal blåse

 Ragnar Hovland

Frå samlinga «Jeg fant, jeg fant», Gyldendal 2011

Ingen kommentarer: