onsdag 17. oktober 2012

E-dikt for barn uke 42 - 2012 "Draumekinn" av Anne Karin Fonneland

Draumekinn

Under puta ligg ein draum
lett og fin
som laken og vind.

Under hovudet ligg ei pute
mjuk som
barn med sovekinn.

Kom søvn, kom draum,
kom mjuke vind.

Når du fell i søvn
flyttar draumen inn. 

 Anne Karin Fonneland

Fra samlingen «Sølvbåt og stjernevind», Mangschou forlag 2011

Ingen kommentarer: