mandag 27. august 2012

E-dikt for barn uke 35 - 2012 "Bestefardiktet" av Oddmund Hagen


Bestefardiktet


Bokstavane eg bruker
held hus i alfabetet.
Der er det rom for alle
og eg kan sjå bilete
av tre små barn eg kjenner:

Den minste vil eg finne
bak døra med ein A.
Og når eg opnar opp,
vil eg sjå Antonia.

Og lenger bort i rekka
bak døra med ein J,
der finn eg ho Johanne
som og vil vere med.

Nikolaj har rom lengst borte
bak døra med ein N.
Han gler seg til å opne
og kjenne meg igjen.

Så samlast alle saman
der plassen er så stor:
Bak døra med ein B
på besøk hos Bestemor.


Oddmund Hagen

Diktet er bestilt av e-diktet


Ingen kommentarer: