mandag 5. mars 2012

E-dikt for barn uke 10 - 2012 "Vesle Betty Blå" av Sigurd Helseth



Vesle Betty Blå

Vesle Betty Blå budde på ei øy.
Der dei selde sure pølser og gammalt undertøy.

Vesle Betty Blå ville reise derifrå.
Men ho kom seg ikkje bort, det gjekk iallfall ikkje fort.

Ho fekk ikkje handa inn i votten.
Ho fekk ikkje foten inn i sokken.

Ho fekk ikkje armen inn i jakka.
Ho fekk ikkje ryggen inn i frakken.

Ho fekk ikkje baken inn i kjolen.
Ho fekk ikkje hovudet inn i hatten.

Ho fekk ikkje hovudet opp frå puta.
Ho fekk ikkje baken opp frå stolen.

Ho fekk ikkje ryggen opp frå senga.
Ho fekk ikkje armen opp frå karmen.

Ho fekk ikkje foten opp frå trappa.
Ho fekk ikkje handa opp frå klinka.

Men så kom Birgit Bakken
Og fekk henne opp frå krakken.

Dei pakka ned krakken og stolen.
Og tok første fly til Polen.

Finn Øglænd

Frå samlinga «Det nye dyrealfabetet og andre dikt for barn».
Wigestrand forlag 2005

Ingen kommentarer: