fredag 21. oktober 2011

E-dikt for barn uke 42 "Pusedikt" av Sylvelin Vatle





Puse-dikt

Eg har ein liten kattepus
med stygge, svarte tenner.
Han fanger sjokolademus
og knasker seigemenner.
Han er så glad i godteri
og knask og drops og småtteri
med masse klissesukker.

Han åpner alle krukker
så stikk han snuten inn
og stel all snopen min.

Eg har ein liten pusekatt
som remjer heile dagen.
Trur du han søv når det er natt?
Nei.
Han har vondt i magen.
Og tannverk har han også fått.

Han får ikkje trøst. Han kan ha det så godt.




Sylvelin Vatle

Spesielt for e-diktet

Ingen kommentarer: