mandag 3. oktober 2011

E-dikt for barn uke 40 "Mors beste barn" av Finn Øglænd



Mors beste barn

Sjølv om mange seier dei er snille,
er det vanskeleg å bli glad i ein krokodille.

Sjølv om mange seier dei er flotte,
er det vanskeleg å bli glad i ei rotte.

Sjølv om mange seier han er ein munter kropp,
er det vanskeleg å bli glad i ein edderkopp.

Sjølv om mange seier dei har gode genar,
er det vanskeleg å bli glad i hyenar.

Men eg, eg bråkar og herjar utan stopp.
Og likevel er eg mor sin aller beste knopp.

Finn Øglænd.

Frå samlinga "Det nye dyrealfabetet og andre dikt for barn", Wigestrand forlag 2005.

Ingen kommentarer: