
Kongen får eit kjæledyr
Kongen tenkte med seg sjølv: Eg
skulle hatt eit kjæledyr.
Kva ville passe best? Ein katt?
Ein fisk? Eit murmeldyr?
Ein hamster, papegøye, kanskje
helst ein islandshest.
Eit marsvin, kvite mus, kanskje
ein hund vil vere best?
Kongen spurte dronninga. Ho
svara: Er du dum?
Kven skal ta på seg ansvaret
for eit akvarium?
Kor skulle vi plassert eit
digert fuglebur?
Kven skulle lufte hunden? Er det
rart at eg blir sur?
Kongen tenkte: Ho får viljen sin
som vanleg, det er så.
Men kva eg har i kjellaren, blir
mi sak, skal du sjå!
Finn Øglænd
Hentet fra samlingen "Ramle- og skramlevers", Samlaget 1995.
Kongen tenkte med seg sjølv: Eg
skulle hatt eit kjæledyr.
Kva ville passe best? Ein katt?
Ein fisk? Eit murmeldyr?
Ein hamster, papegøye, kanskje
helst ein islandshest.
Eit marsvin, kvite mus, kanskje
ein hund vil vere best?
Kongen spurte dronninga. Ho
svara: Er du dum?
Kven skal ta på seg ansvaret
for eit akvarium?
Kor skulle vi plassert eit
digert fuglebur?
Kven skulle lufte hunden? Er det
rart at eg blir sur?
Kongen tenkte: Ho får viljen sin
som vanleg, det er så.
Men kva eg har i kjellaren, blir
mi sak, skal du sjå!
Finn Øglænd
Hentet fra samlingen "Ramle- og skramlevers", Samlaget 1995.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar