fredag 4. mars 2011

E-dikt for barn uke 10 "SKRÆTSJ" av Finn Øglænd


SKRÆTSJ

Skrætsj. Der sprakk buksa.
Ritsj. Der rauk skjorta.

Uuuuuuuuuuuuuu. Der skrik
Henrik.
Det er hans bukse. Det er hans
skjorte.
Det er hans kne det er blod på.
Det er hans arm som er blå.

Det er ny bukse i butikken. Ny
skjorte også. Ny Henrik også.
Det er mange Henrikar. Dei er
billige, for dei er rampete og
skrik mykje.

Finn Øglænd

Frå samlinga "Ramle- og skramlevers" Samlaget 1995

Ingen kommentarer: